Perfekt for barnefamiliane

Seim bygg planlegg 20 nye einebustader og ei rekkje firmannsbustader på Seim.

– Seim er ein flott plass å bu. Her har du skule, barnehage, butikk og fleire badeplassar i gangavstand. Perfekt for barnefamiliar, men også for andre som vil bu landleg og sentralt, seier Terje Seim entusiastisk.

Han har drive Seim bygg sidan 2002. Selskapet har bygd hus mange stader i Nordhordland, men han synest det er ekstra kjekt å kunna presentera eit så stort prosjekt i heimbygda.

Les hele artikkelen (strilen.no) (pdf)